Nyheter

Jordskifteretten

Om jordskifterettens oppgaver

Ei jordskiftesak kan m.a. gå ut på å avgjere tvistar om eigedomsgrenser og bruksrettar eller å greie ut om rettslege tilhøve i område med felles bruk. Slike saker kan vanlegvis også handsamast av vanlege domstolar.

I tillegg har jordskifteretten ein særskilt kompetanse som vanlege domstolar normalt ikkje har, nemleg til å gjere endringar i rettstilstanden, t.d. ved å makebyte areal, avløyse bruksrettar, løyse opp sameige, lage reglar om bruken av eit område og pålegge partane å gjennomføre felles tiltak. Det er denne særskilte kompetansen som også er den historiske forklaringa på at vi har denne domstolen.

Jordskifteverket (før: Utskiftingsretten) si oppgåve var nettopp å omforme landbrukseigedomane. På 1800-talet var ein gard vanlegvis utforma slik at alle brukarane sine bygningar låg i ei tett klynge, omkransa av eit lappverk av små, dyrka teigar der kvar brukar sine teigar låg spreidd innimellom andre brukarar sine dyrka teigar, såkalla teigblanding. Utanfor innmarka låg utmark og fjellområde som var brukt i fellesskap, eventuelt slik at dei ulike ressursane var fordelt på dei enkelte brukarane, såkalla kløyvd eigedomsrett, t.d. ved at éin eigde torvretten, éin eigde skogen, andre eigde beiteretten osb. Dette var ein lite rasjonell eigedomsstruktur, særleg etter at det skjedde ei viss teknologisk utvikling i landbruket. Jordskifteverket sørga for å samle den enkelte brukaren si dyrka jord i færre teigar, kanskje i éin stor, samanhengande teig – dit også vedkomande brukar sine bygningar vart flytta. Vidare vart bruken av utmarka omorganisert så langt jordskifteretten fann dette tenleg. Dermed har ein fått den eigedomsstrukturen som vi har i landbruket i dag.

Jordskifteprosessen er mykje lik den ein har i vanlege domstolar, jf. at tvistelova i stor grad også gjeld for jordskifteretten. Prosessen har likevel framleis eit visst preg av at jordskifteretten tidlegare var meir av eit forvaltningsorgan og at det ikkje var så vanleg at partane brukte advokat. Ein startar difor gjerne med eit saksførebuande møte for å klargjere kva problem partane har behov for å få ei løysing på, og for å avklare om det bør involverast fleire partar enn dei rekvirenten har oppgitt. I mange sakstypar er det vanleg at jordskifteretten kjem med framlegg til løysingar som partane får uttale seg om før retten tek endeleg avgjerd.

Jordskifteretten skal dessutan ta stilling til om kravet om jordskifte skal etterkomast, dvs. om det i heile skal bli ei jordskiftesak. Vilkåret for å ta opp ei jordskiftesak er at dagens tilhøve/arealutnytting er utenlege og at ingen av partane vil lide tap som følgje av jordskiftet.

Vidare er det eit særtrekk ved jordskifteprosessen at når jordskifteretten først har bestemt at saka skal fremjast, så kan ikkje lenger rekvirenten utan vidare trekkje jordskiftekravet tilbake. Når saka er fremja, er ho så å seie blitt jordskifteretten si sak, og det er jordskifteretten som då avgjer om og når saka skal avsluttast. Jordskifteretten står også friare i høve til partane sine påstandar. For dei vanlege domstolane gjeld vanlegvis disposisjonsprinsippet fullt ut, dvs. at domstolen er prisgitt partane sine påstandar og disposisjonar elles.

”Jordskifteretten er tingretten sin nevenyttige halvbror” med eit langt meir praktisk grep om sakene enn det dei vanlege domstolane har om sine saker. Jordskiftedommaren er bistått av ein ingeniør som utfører t.d. oppmåling og grensemerking m.m. i terrenget. Jordskifteretten har god kompetanse på kartarbeid og sørger dessutan for at avgjerdene vert tinglyste.

Det praktiske grepet har nok også sin bakgrunn i at jordskiftedommarane er utdanna ved Landbrukshøgskulen på Ås (no UMB) og at dei ikkje er juristar. Men sjølv om dei ikkje er juristar så er det mi erfaring er at jordskiftdommarane har svært god innsikt i dei rettsspørsmåla dei treng å ha innsikt i.

Advokat Ivar Winjum

Back to list